Alle innlegg av Ulrikke

Matpakkesamling

Då er semesteret i gang, og me byrjar med matpakkesamlingar igjen til veka. Du vil finna oss i den gamle røykeavdelinga på Frederikke (der dei ikkje sel mat) onsdagar kl 12. Alle som kjem får ein kopp kaffi/te/kakao av Studentmållaget.

Håpar å sjå dykk der!

Haustbrev, kva skjer hausten 2011

Me sende for eit par veker sidan ut eit haustbrev på e-post til dei som er på e-postlista vår. Her kjem brevet slik at alle kan sjå kva me skal finna på framover:

Gode medlem!

No er hausten i gang, og det er og arbeidet i Studentmållaget, so her kjem litt informasjon om kva me skal driva med i haust, og om vervekampanjen vår som nett har starta.

Studiemøte:

19. oktober, kl 16.30-18.30, seminarrom U36 på Helga Engs hus, Blindern

Ole Våge til oss for å oppsummera Idéseminaret til Språkrådet, Korleis skal vi vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk?, og for å sjå kva me som studentmållag kan gjera for å retta fokuset mot norsk fagspråk og fagterminologi.

Etter møtet vert det pizza og brus til alle deltakarar.

Vil du lesa meir om Idéseminaret kan du fylgja denne lenka:

http://språkrådet.no/nb-NO/Tema/Terminologi-og-fagspraak/Kalender/Ideseminar/

Grautkveld:

Grautkvelden vert i år 27. oktober, kl 19.00 i Valdresstova på Sogn studentby. Det vert graut og speikemat, lesing av Grauten på grut, loddtrekning og kviss. Inngangspengane for gildet er berre 30,-

Teatertur:

I november tek me turen til Det Norske Teatret for å sjå stykket Bondestudentarø. Du betalar berre 100,- for billetten, Studentmållaget spanderer resten! Dato er enno ikkje fastsett, men me kjem tilbake med både dato og på- og avmeldingsfrist.

Nynorskkurs:

I november skipar me og til nynorskkurs på Blindern Meir informasjon kjem.

Juleavslutting:

Årets siste arrengement vert juleavslutting 10. desember,

Elles:

Høgnorskringen og Måldyrkingslaget byd inn til studiemøte om uttalereglar i norsk fyrstkomande onsdag, 5. oktober, kl 18.00 i seminarrom 8 i P. A. Munchs hus på Blindern. Alle interesserte er ynskja velkomen!

Oslo Mållag arrangerer Målbar 6. oktober: «Oslo i nynorsklitteraturen: Sidrumpa austlandsbygd eller (mål)politisk Sodoma?» ved Jens Kihl på Colletts Café kl 19.00.

Sist, men ikkje minst!

Vervekampanje:

1. oktober startar årets vervekampanje. For å sørga for at me framleis skal vera det største og beste lokallaget i NMU, er det viktig at nettopp du er med og vervar! Som belønning kan du få desse premiane:

Verva

Premie

1

Handlenett med “Eg <3 Nynorsk” på

2

T-skjorte

3

Gåvekort på middag på SiO-kantiner

5

Gåvekort på 1000 kr på Akademika

Vervingar du sender inn mellom 1. oktober og 30. november tel med i kampanjen. Dei nye medlemene må vera under 26 år og må ha betalt medlemspengane innan slutten av kampanjen for at du skal få premie for dei.

For å registrera vervingane, gå til http://malungdom.no/meld-deg-inn/. Du kan òg ta kontakt med oss for å få verveblokkar om du vil.

Det går an å «kombinera» vervepremiane, so om du har verva 3 stykk, kan du anten frå 3 stk handlenett, 1 handlenett og 1 t-skjorte eller gåvekort på middag i SiO-kantiner. Du må difor ta kontakt med oss på studentmaallaget@studorg.uio.no, når du vil ha ut vervepremien din og fortelja oss kor mange du har verva, og kva premie du vil ha.

Skulle du ha spørsmål er det berre til å ta kontakt på studentmaallaget@studorg.uio.no, eller med leiar Tina Fauskanger på tlf: 98483360.

Lukke til!

Informasjon om alt som hender i Studentmållaget i Oslo i haust kan du og etter kvart finna på www.smio.no og gruppa vår på Fjesboka!

Beste helsing

Studentmållaget i Oslo

Sumarslutting med studentmållaget!

Studentmållaget avsluttar semesteret med grilling i parken på St. Hanshaugen sundag 5. juni. Oppmøte ved St. Hanshaugen busstopp kl. 16.00, men det er berre til å hiva seg på seinare.

Studentmållaget stillar med eingongsgrillar, grillpølser(med dei basistinga som høyrer til) og maiskolber. Ynskjer du å eta noko anna, er det berre til å ta med, for det er plass på grillen. Me tenner grillen ca 16.30, so kjem du etter 17.30 er det ikkje sikkert at det er meir liv i grillen(men det er berre til å ta med ein sjølv om so skulle vera, me held deg likevel med selskap)

Det vert kviss med premie til vinnarlaget.

Etter grilling tek me turen vidare til La Boheme, like nedi vegen.

Vert det dårleg ver, vert det inga grilling, og me går rett på La Boheme.

Om du ikkje finn oss er det berre til å kontakta Tina på 98 48 33 60.

Det einaste du må ha med er deg sjølv, godt humør, og det du ynsjer å drikka.
Håpar å sjå deg der!

Nynorskkurs!

Lyst til å friska opp nynorskkunnskapane før eksamen? Kom på gratis nynorskkurs med Ingar Arnøy.

Kurset er på tysdag 3. mai kl. 17.00-21.00, i seminarrom 1, PA Munchs hus, på Blindern. Det vert gratis pizza til alle på kurset.

Håpar å sjå deg der!

17. mai med SmiO!

På 17. mai vert det kransenedlegging ved grava til Ivar Aasen på Vår Frelsers Gravlund, kl 9.15. Magnhild Folkvord skal halda tale, og Kristina Leganger Iversen les dikt. Etter kransnedlegginga vil styret i SmiO dra vidare til kaffistova, og då er det berre til å vera med!

Du kan og få med deg BUL dansa fremst i barnetoget, og dei arrangerar og Brosteinsball på Universitetsplassen kl. 18.14!

Håpar å sjå deg der!