Kategoriarkiv: Uncategorized

Vervekampanjen er i gong!

Norsk målungdom sin vervekampanje er i gong, og vil vare frå 25. august til 28. september.

I tillegg til NMU si kampanje, har SmiO ein vervekonkurranse mot dei andre studentmållaga! Alle nye medlemmar til NMU som eit SmiO-medlem har verva, gir SmiO poeng!
Så til alle SmiO-medlemmar: Vervar du 5 eller fleire, får du gåvekort frå Akademika!

God verving!

Hausten 2014

Hei alle medlemar av Studentmållaget i Oslo!

Sumaren er på hell, og hausten byrjar å gjere sitt inntog. Det vil også seie at SmiO er klar for å gje deg nok eit fint språksemester!

IPA-kveld

6. september er de alle inviterte til IPA-kveld med studentmållaget i Oslo. Det vert ein kveld med øl, fonetikk og platesnurring. Professor Arne Torp vil presentere oss for Det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA), studentbryggarar vil fortelje oss alt vi ikkje visste om Indian Pale Ale, og DJen vil halde det gåande når desse har takka for seg. Det heile finn stad på studentpuben Uglebo på Blindern klokka 20.00.

Halvårsmøtet

Torsdag 11. september kl. 18.00 skipar Studentmållaget i Oslo til halvårsmøte. Vi vil gå gjennom halvårsmelding og arbeidsplan for hausten, sjå på den økonomiske situasjonen og få vitringar frå dei ulike nemndene våre. I tillegg til dette skal vi supplere styret.

Møtet finn stad i Lilletorget 1 på Grønland, også kjent som Skrivarstova, og vi serverer pølser og snop. Tradisjonen tru går vi vidare til ei lokal skjenkjestove når møtet er over.

Sakliste ligg her og halvårmeldinga vår ligg her

Spørsmål eller framlegg kan du sende til jorunnthingnes@hotmail.com.

Vervekampanjen 2014

NMU sin vervekampanjen tek i år til 25. august og varer til september. Det er gilde premiar til enkeltvervarar, og vandrepremie til det studentmållaget som vervar flest. I tillegg til NMU sine premiar, lovar SmiO gåvekort på Akademika til dei av våre som vervar 5 eller fleire nye medlemer.

Matpakkesamling
Ein fast dag i veka møtast vi i SmiO til ein koseleg lunsj i Frederikkekantina (del delen nærmast idrettshallen). SmiO spanderar noko varmt i koppen. Lunsjtid fram til halvtårsmøtet vil vere tysdagar kl. 12.

All informasjon om hausten vil liggje her

Våren framover i SmiO

Framover våren skjer det mykje spanande, her er ei oversikt, meir detaljert informasjon kan De finne her:
http://smio.no/tilskiping/

29.april: Nynorskkurs med matservering
1.mai: Frukost etterfulgt av tog
3. mai: Teatertur. «Trost i Taklampa» på Det Norske Teatret
17.mai: Kransenedlegging med meir.
24.mai: Sumaravslutning med SmiO

Hendingane og meir info finn De også på vår Facebookside.

Årsmøtet i Norsk Målungdom

21. – 23. mars er det landsmøte i Norsk målungdom. SmiO har sju utsendingar til møtet, og om du har meiningar om sakene som skal opp, er vi interesserte i å høyre frå deg. Send innspela dine til smio@malungdom.no.
Sakspapira finn du på http://malungdom.no/landsmote/

Grunnlovslunsj

Studentmållaget i Oslo vil 13. mars arrangere ei litt spesiell matpakkesamling, nemleg Facebookhending
Her vil Hans Petter Graver, dekan ved Det juridiske fakultet, og stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) dele sine tankar om språket i grunnlova.

Vi serverer pizza, brus og kaffi!

Stad: Break (2. etg. i Fredrikke)
Tid: Torsdag 13.3, kl. 12-13

Vil eit tidsmessing språk gjere grunnlova meir tilgjengeleg for dagen juristar, politikarar og borgarar- eller vil det øydeleggje kulturarva og skape nye tolkingsproblem? Kvifor er ikkje språket blitt modernistert tidlegare- og går det eigentleg an å endre det utan å endre innhaldet?

Plakat

SmiO-AAsen

Bli med!

Ønskjer du å verte medlem i SmiO? Kanskje du ønskjer å bli kjend med nye folk? Eller ønskjer du å verte aktiv?

Vi har vekentlige matpakkesamlinga der vi samlast på Blindern og et lønsj saman. SmiO spanderar varm drikke på alle som møter opp. Ellers i semesteret arrangerer vi festar for medlemane våre, teatertur og opplegg 1. mai og 17. mai. 15. mars arrangerer vi ein større medlemsfest.

I styret sit studentar som studerer alt frå lektor i nordisk til realfag, og vi prøver å ha opplegg som kan interessere alle. Har du forslag til arrangement eller opplegg på arrangement vert vi glad for tilbakemeldingane! 🙂

Spanande haustsemester!

Hausten er fullt over oss, og SmiO har fleire kjekke tilskipingar for døra:
November byrjar med Grautkveld 7. november. Her stiller SmiO med både rømmegraut og vanleg graut, quiz og so vidare.

22 november kan du bli med på teatertur for å sjå Haugtussa, med sjølvaste Ane Dahl Torp, på Det norske Teatret. Her treng ein kun betale ein eigenandel på 50 kr. Hugs å melde deg på! 🙂

Ellers føl vi opp tradisjonen og har matpakkelunsj kvar mandag, kl. 12, i Fredrikkekantina.

Føl ellers med på sida vår for tilskipingar , og lik oss gjerne på Facebook 🙂

17. mai: Kransenedlegging på Ivar Aasens bauta!

I tradisjonen tru er det også i år mogleg å feire Noreg sin nasjonaldag med
kransenedlegging på Ivar Aasens bauta på Vår frelsers gravlund! SmiO stiller med flott krans, talar og vonleg fint vêr!

Program:
09.15
Dagen startar med kransenedlegging på Ivar Aasens bauta. Arnhild Skre skal halde tale.

ca 10.00
Kaffi og noko å bite i om ønskjeleg, på Kafé Løve på Det Norske Teatret.

15.00
Kjære Landsmenn på Det Norske.
For dei som vil så skal ein gjeng på dette, og det er berre å hive seg på. De må tinge bilettar sjølv (ta kontakt med Bror om spørsmål).

18.00
Koldtbord hos Helene i Tegleverksgata 1.

Vonar å sjå mange der! 🙂