Gode medlem. Årsmøtet i SmiO vert Torsdag 9.Februar på Skrivarstova i Schweigaardsgate 16. Møtet byrjar kl 19.00 og det vert servert noko å ete når møtet er ferdig. Vonar at mange av våre medlemar har høve til å delta.
Då er semesteret i gang, og me byrjar med matpakkesamlingar igjen til veka. Du vil finna oss i den gamle røykeavdelinga på Frederikke (der dei ikkje sel mat) onsdagar kl 12. Alle som kjem får ein kopp kaffi/te/kakao av Studentmållaget. Håpar å sjå dykk der!
Me sende for eit par veker sidan ut eit haustbrev på e-post til dei som er på e-postlista vår. Her kjem brevet slik at alle kan sjå kva me skal finna på framover: Gode medlem! No er hausten i gang, og det er og arbeidet i Studentmållaget, so her kjem litt informasjon om kva me [...]
SmiO skal ha medlemsfest torsdag 29. september. Info om stad kjem på Facebook (fylgj oss på http://www.facebook.com/pages/Studentm%C3%A5llaget-i-Oslo/112372062202312) Me har matpakkesamlingar tysdagar kl. 11 i Fredrikke-kantina på Blindern. Andre tilskipingar som skjer denne hausten kan du finna under “tilskipingar“.
Studentmållaget avsluttar semesteret med grilling i parken på St. Hanshaugen sundag 5. juni. Oppmøte ved St. Hanshaugen busstopp kl. 16.00, men det er berre til å hiva seg på seinare. Studentmållaget stillar med eingongsgrillar, grillpølser(med dei basistinga som høyrer til) og maiskolber. Ynskjer du å eta noko anna, er det berre til å ta med, [...]
Lyst til å friska opp nynorskkunnskapane før eksamen? Kom på gratis nynorskkurs med Ingar Arnøy. Kurset er på tysdag 3. mai kl. 17.00-21.00, i seminarrom 1, PA Munchs hus, på Blindern. Det vert gratis pizza til alle på kurset. Håpar å sjå deg der!
På 17. mai vert det kransenedlegging ved grava til Ivar Aasen på Vår Frelsers Gravlund, kl 9.15. Magnhild Folkvord skal halda tale, og Kristina Leganger Iversen les dikt. Etter kransnedlegginga vil styret i SmiO dra vidare til kaffistova, og då er det berre til å vera med! Du kan og få med deg BUL dansa [...]
Onsdag 16. mars vert det bokbad med Kjartan Fløgstad på Kjellern i Helga Engs hus på Blindern kl 19.00. Det kostar ingen ting, og det er open bar der ein kan kjøpa seg noko å drikke.
SmiO har årsmøte onsdag 2. februar kl. 19.00 i Harriet Holters hus på Blindern, UiO. Etter årsmøtet går me på Kafé Abel for å eta. Lenkje til sakpapir kjem når dei er klare.
Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda inviterer for andre gong til ein nynorsk fagdag i Oslo. Fagdagen tek til i Auditorium 4 i Eilert Sundts hus på UiO. Dette er eit samarbeid med Norsk Ordbok 2014 og med Institutt for lingvistikk og nordistikk ved UiO. Dagen tek sikte på å presentere nyare avslutta arbeid i [...]