Category Archives: Uncategorized

22 skrivefeil i eksamensoppgåve

I eksamensoppgåva i kvalitativ metode på masternivå i sosiologi fann leiar for SmiO, Jens Kihl, heile 22 skrivefeil – nesten like mange som det var liner på sjølve oppgåva. Les saka i Universitas, eller på nett på http://universitas.no/nyhet/55598/-barneskolenynorsk-ved-uio/

Eksamensrettar

Studentparlamentet har i samarbeid med SmiO laga nynorske plakatar med oversikt over dei viktigaste eksamensrettane. Ikkje berre kan du skriva eksamen på nynorsk, no kan du òg lesa om rettane dine – på nynorsk!

Tidleg krøkast

SmiO feirer 110-årsjubileum og har delt ut bøker til studentbarnehagane som ein del av feiringa. Les Universitas artikkel om då Jens Kihl vitja Eilert Sundt Studentbarnehage: http://universitas.no/nyhet/55457/tidleg-krokast-/

Grautkveld

Den tradisjonsrike grautkvelden vert på torsdag 28. oktober kl. 19.00. Her skal me ha risgraut, rømmegraut, kviss, høgtlesing, lotteri, kaffi og kaker. Hendinga tek til i Valdresstova på Sogn Studentby (T-bane til Ullevål stadion, eller buss 25 frå Majorstuen mot Årvoll senter eller mot Lørenskog stasjon til stoppet som heiter Yrkesskolen). Om du ikkje finn [...]

Nynorskkurs med Arne Torp

Nynorskkurset til Arne Torp starta denne veka, men det er nok ikkje for seint å verta med! Neste gong er 19. oktober kl. 16.15-18 i aud. 3 i Sophus Bugges hus på Blindern. Du kan lesa meir på http://www.hf.uio.no/iln/personer/vit/arnet/nynorskkurs/.

Matpakkesamling hausten 2010

Kvar torsdag er det matpakkesamling kl. 13.00 i Fredrikke-kantina. SmiO spanderer kaffi, kakao eller te. Her er det berre å koma innom.

Kransnedlegging 17. Mai

Som tradisjon er skipar Studentmållaget til seremoni ved grava til Ivar Aasen på Vår Frelsers Gravlund her i Oslo. Det blir festtale ved Reza Rezaee, diktlesing ved Svein Erik Brodal og allsong. Kom og ver med!

Nynorskkurs

Studentmållaget i Oslo skipar til nynorskkurs førstkomande torsdag! På tide med ei oppfrisking før eksamen? Studenmållaget i Oslo inviterer deg til nynorskkurs! Ingar Arnøy frå Noregs Mållag lærer deg nynorsk på 1-2-3! Gratis pizza til alle som kjem på kurset. Dersom du ikkje finn fram, kan du ringja Tina Fauskanger på tlf. 98483360. Håpar å [...]

Vervekampanje våren 2010 – Verv èin ven

Verv éin ven – vinn gåvekort på 1000 kr! Studentmållaget i Oslo vil ha fleire medlemmer, og lanserer no vervekampanjen “Verv ein ven”. Alle som vervar minst éin person i perioden 1. april til 1. juni, vert med i trekkinga av fem gåvekort på 1000 kr hjå Akademika. Dessutan får alle vervarane ei “Eg <3 [...]

Matpakkesamling

Det blir matpakkesamling kvar torsdag kl.13.00 hjå det gamle røykerommet på Fredrikke. SmiO stiller med gratis kaffi, vonar at flest mogleg tek turen!