Om SmiO

Studentmållaget i Oslo (SmiO) er det største lokallaget i Norsk Målungdom, og organiserer nynorskglade studentar i Oslo. Vi har medlemer på alle dei store utdanningsinstitusjonane i byen.

Du kan kontakte oss på smio(a)malungdom.no.

Vi arbeider for at alle studentar i Oslo skal få høve til å bruke språket sitt. Vil du vita når det skjer noko? Følg med på Facebook-sida vår!

Studentmållaget blei skipa den 31. oktober 1900, og er ein av dei eldste og mest tradisjonsrike lekkene i målrørsla. Alle medlemer får ogso SmiO sitt eige tidsskrift Mål og Makt i posten.

Eit anna tips: legg oss til på Instagram: @studentmallaget

skiping-1897
Lysinga frå første gong det blei gjort forsøk på å skipe studentmållag i Oslo; i 1897. Den gongen møtte berre tre personar. Ein vart samde om å vente nokre år, og 31. oktober 1900 blei SmiO skipa!