Faste matpakkesamlingar.
Semesteret er godt i gang. Det betyr faste matpakkesamlingar med SmiO. Vi samlast i Fredrikke-kantina på Blinderen kvar Onsdag klokka 12. Vi spanderer varm drikke på dei som kjem. Dette er ein ypperlig måte å bli kjend med andre SmiO-medlemar.
Årsmøte.
Årsmøtet i SmiO vert Torsdag 9.Februar på Skrivarstova i Schweigaardsgate 16. Møtet byrjar kl 19.00 og det vert servert noko å ete når møtet er ferdig. Vonar at mange av våre medlemar har høve til å delta.
Studiemøte 19. oktober
Onsdag 19.Oktober inviterer SmiO til studiemøte om norsk fagspråk. Språkrådet er interesserte i å bevare og vidareutvikle norsk fagspråk. Dette ynskjer og SmiO å vere ein del av. Tid og stad vert på Helga Engs hus seminarrom U36, kl 16.30-18.30 Onsdag 19.Oktober. Etter møtet serverer vi pizza og brus.
Grautkveld 27. oktober
Torsdag 27.Oktober arrangerar SmiO sin tradisjonelle grautkveld. Vi samlast som vanleg i Valdresstova på Sogn studentby. Her vert det risgraut, rømmegraut, høgtlesing, lystig lag og ikkje minst quiz med premiar. Det heile kjem til å koste eit mindre beløp.
Teatertur “Bondestudentar”
I samband med UIO sitt 200års jubileum set Det norske teatret i samspel med UIO opp romanen Bondestudetar av Arne Garborg som teaterstykke. Om du ynskjer å få med deg denne flotte teateropplevinga er SmiO sin teatertur midt i blinken for deg. For dei tretti fyrste som melder seg på vert det gratisbillet, resten lyt betale 50kr kvar. Påmeldingsfrist er Søndag 6.November. Du må vere medlem av SmiO for å kunne nytte deg av tilbodet.
For påmelding kontakt Tina Fauskanger på telefon: 98483360, eller E-post: tina_fauskanger@hotmail.com.
Nynorskkurs i november
Rusten nynorsk-kunnskap? Eller treng du berre ei oppfriskning? Studentmållaget skipar til nynorskkurs med styremedlem Vegard Storsul Opdahl. Om du skal skrive eksamen på nynorsk eller rett og slett vil lære meir om nynorsk er dette kurset perfekt for deg. Det heile vil foregå Torsdag 10.November på Blinderen i seminarrom 6 i PA Munchs hus. Det byrjr klokka 17 og varar omlag til 19.30. Det vert servert pizza og brus til alle frammøtte.
Joleavslutning
Info kjem
Faste matpakkesamlingar
Vi samlar oss for å ete lønsj klokka 12.00 kvar tysdag i Fredrikke-kantina på Blindern. SmiO stiller med gratis kaffi, te eller kakao!
Du avgjer sjølv kva du legg i ordet «aktiv». Å vera aktiv er i alle
fall at du brenn for nynorsken og at du er villig til å bruka tid på
nynorsken:
Kjøp