Studentmållaget i Oslo

Skipa 31. oktober 1900 · Oslo

Studentmållaget
i Oslo


Studentmållaget i Oslo arbeider for at alle skal velja det nynorske skriftmålet, og vil organisera ungdom og studentar i Oslo i dette arbeidet.

§ 1 i lova for laget

Me er det største lokallaget i Norsk Målungdom, med medlemer på alle dei store utdanningsinstitusjonane i byen. Du treng ikkje skriva nynorsk frå før for å vera med.

Handskriven lysing frå 1897: «Studentar, som vil vera med i Maallaget lyt møta onsdag den 20de oktober kl ½ 9 hjaa student Wexelsen, Rosenborggata 11.»
Lysinga frå fyrste gongen det vart gjort forsøk på å skipa eit studentmållag i Oslo, i 1897. Den gongen møtte berre tre personar. Ein vart samde om å venta nokre år — og 31. oktober 1900 vart SmiO skipa.

Kven me er

Studentmållaget i Oslo er eit lag for studentar som vil at nynorsk skal vera eit språk ein kan bruka overalt — i førelesingssalen, på eksamen, i pensum og i avisa.

Me har halde på sidan 1900, og er ein av dei eldste og mest tradisjonsrike lekkene i målrørsla. Laget har gjeve ut den fyrste nynorske bibelen, 25 band med gresk og romersk litteratur, og tidsskriftet Mål og Makt sidan 1934. Alt saman ligg framleis ute, fritt å lesa.

Meir om laget

Det me gjer

Tilskipingane som går att

Dette er det laget driv med år etter år. Alt er ope for medlemer, og som regel for alle andre òg.

  • Nynorskkurs

    Kurs for studentar som vil skriva betre nynorsk. Me har halde dei på universitetet og på dei andre lærestadene i byen.

  • Matpakkesamling

    Me møtest med matpakka midt på dagen og pratar om språk. Lågaste terskel me har.

  • Grautkveld

    Graut, og folk som liker nynorsk. Ein god måte å bli kjend med laget på.

  • Strikk og drikk

    Strikketøy, noko å drikka og godt lag. Du treng ikkje kunna strikka.

  • Studentsamling

    Den årlege samlinga for studentmållaga i heile landet, på omgang mellom byane.

  • Årsmøte og halvårsmøte

    Der medlemene styrer laget. Alle medlemer har møterett, og årsmøtet vel styret.

  • 17. mai

    Me går i tog, slik målfolk i Oslo har gjort lenge.

Det me har gjeve ut

Ei hylle på hundre år

Studentmållaget har alltid vore eit forlag så vel som eit lag. Kvart band her er noko laget sette i gang med fordi det ikkje fanst på nynorsk frå før. Fargen på ryggen seier kva slag bok det er.

Dra sidelengs for å sjå heile hylla. Dei 25 midterste er «Klassiske bokverk i omsetjing», 1921–1941 — grøn er filosofi, raud historie, blå drama, fiolett lyrikk og grå prosa.

1921

Bibelen

Den fyrste nynorske bibelomsetjinga, prenta i 50 000 eksemplar og utseld på ti år. Heile teksten ligg framleis ute.

1921–1941

Klassiske bokverk

25 band med filosofi, historie, drama og lyrikk frå gresk og romersk oldtid, på nynorsk. Alle er digitaliserte og fritt tilgjengelege.

Sidan 1934

Mål og Makt

Tidsskriftet åt laget, om målrørsla og språkstriden. Årgangane er skanna og ligg fritt hjå Nasjonalbiblioteket.

Bli med i laget

Er du student i Oslo og har lyst til å vera med? Meld deg inn i Norsk Målungdom og hugs å velja Studentmållaget i Oslo som lokallag.