Om Studentmållaget i Oslo
Skipa 31. oktober 1900. Eit lag for studentar i Oslo som vil at nynorsk skal kunna brukast overalt.
Studentmållaget i Oslo (SmiO) er det største lokallaget i Norsk Målungdom, og organiserer nynorskglade studentar i Oslo. Me har medlemer på alle dei store utdanningsinstitusjonane i byen.
Me arbeider for at alle studentar i Oslo skal få høve til å bruka språket sitt — i undervisninga, på eksamen, i pensumlitteraturen og i studentmedia. Du treng ikkje skriva nynorsk frå før for å vera med; det held å synast at nynorsk skal finnast.
Skipinga
Laget er ein av dei eldste og mest tradisjonsrike lekkene i målrørsla. Fyrste forsøket kom i 1897, og det gjekk ikkje så bra:
Bøkene
I den fyrste tida etter skipinga arbeidde laget mykje med å laga lærebøker for høgare utdanning på nynorsk. Det fanst knapt slike bøker, og laget gjorde eit stort arbeid saman med universitet og høgskular for å gjera meir litteratur tilgjengeleg. Laget gav òg ut bokseriane «Norske Folkeskrifter», «Klassiske bokverk», «Austerlendske bokverk» og «Bokverk frå millomalderen».
Den viktigaste boka som ikkje fanst på nynorsk, var Bibelen. Laget prøvde fyrst å få Bibelselskapet til å ta på seg arbeidet. Det ville dei ikkje, og då gjorde laget som så ofte før: bretta opp erma og sette i gang sjølv. Bibelen kom ut i 1921.
Sidan 1934 har laget gjeve ut tidsskriftet Mål og Makt. Årgangane er skanna og ligg fritt hjå Nasjonalbiblioteket.
Korleis laget vert styrt
Årsmøtet er øvste styringsmakt i laget og vert halde i slutten av januar eller fyrste halvdel av februar kvart år. Der vel medlemene styret, og der vert politikken til laget avgjord. Alle medlemer har møterett. Lova for laget fortel korleis det heng saman.
Ta kontakt
Skriv til smio@malungdom.no, eller følg med på Facebook og Instagram for å sjå når det skjer noko.