Klassiske bokverk i omsetjing
25 band med gresk og romersk litteratur på nynorsk, gjevne ut av Studentmållaget saman med Samlaget mellom 1921 og 1941.
Fargen seier sjangeren: grøn er filosofi, raud historie, blå drama, fiolett lyrikk og grå prosa. Trykk på ein rygg for å lesa boka hjå Nasjonalbiblioteket.
Frå 1921 til 1941 gav Studentmållaget ut ein serie med «Klassiske bokverk i omsetjing», i samarbeid med Samlaget. Filosofi, historie, dramatikk og lyrikk frå gresk og romersk oldtid vart gjennom denne bokserien gjort tilgjengeleg for eit breitt publikum, i rimelege utgåver med moderne nynorsk språkdrakt.
Nokre av bøkene har seinare kome i nye utgåver på Samlaget, men mange av dei er ute av sal. Heldigvis har Nasjonalbiblioteket arkivert og digitalisert dei og gjort dei fritt tilgjengelege for lesing på nett. Eit par av dei kan òg lastast ned som PDF.
Under er heile serien. Trykkjer du på tittelen, kjem du til boka hjå Nasjonalbiblioteket; trykkjer du på namnet til forfattaren eller omsetjaren, kjem du til ein leksikonartikkel som fortel meir. God lesnad!
-
Polykarps martyrium
Omsett av Eiliv Skard · 1934 · Prosa