Studentmållaget i Oslo

Studentmållagsbibelen

«Fyrebils-Bibelen» frå 1921 — den fyrste nynorske bibelomsetjinga, gjeven ut av Studentmållaget i Oslo.

Av alle saker Studentmållaget har hatt føre seg gjennom hundre år, er påfunnet om å gje ut den fyrste nynorske bibelomsetjinga mellom dei mest ambisiøse og oppsiktsvekkjande.

Bibelen kom ut sommaren 1921 og vart prenta i eit opplag på 50 000, som vart utselt i løpet av ein tiårsperiode. Halvparten av bibelutgåva bygde på omsetjingane til Alexander Seippel.

Les heile Bibelen på bibel.smio.no

Kvifor gav Studentmållaget ut Bibelen?

I den fyrste tida etter at Studentmållaget vart skipa i 1900, arbeidde laget mykje med å laga lærebøker for høgare utdanning på nynorsk. Det fanst knapt slike bøker, og laget gjorde eit svært stort arbeid i samarbeid med universitet og høgskular for å gjera meir litteratur tilgjengeleg på nynorsk. Laget gav òg ut bokseriar som «Norske Folkeskrifter», «Klassiske bokverk», «Austerlendske bokverk» og «Bokverk frå millomalderen».

Bibelen var den kanskje viktigaste boka som ikkje fanst på nynorsk, og laget prøvde fyrst å få Bibelselskapet til å ta på seg arbeidet. Det ville dei ikkje, og då gjorde laget som så ofte før: bretta opp erma og sette i gang med omsetjingsarbeidet.

Kvifor er Bibelen på så rar nynorsk?

Dette er 1921-utgåva, og då var språket meir konservativt enn i dag.

Kvar finn eg han?

Heile teksten er digitalisert og ligg på bibel.smio.no. Sjølve 1921-utgåva er dessutan skanna hjå Nasjonalbiblioteket: Bibelen, eller Den heilage skrifti.

Digitaliseringa er gjord av Stavanger-firmaet SigveSaker, som mellom anna leverer Databibelen. Ein stor takk til dei for arbeidet med Bibelen «vår».

Har du ein Studentmållagsbibel til overs?

Det er nesten umogeleg å få tak i Studentmållagsbibelen i antikvariat og brukthandlarar. Me manglar nokre utgåver, og vil gjerne kjøpa — eller få — om du har ein til overs. Ta kontakt med styret.

Bruk av teksten

Studentmållaget i Oslo har opphavsrett til Bibelen som ligg på desse sidene. Vil du bruka delar av han i ei oppgåve, ein artikkel eller liknande, ber me deg visa til «Studentmållagsbibelen frå 1921, i digital utgåve på smio.no».