Verv éin ven – vinn gåvekort på 1000 kr!
Studentmållaget i Oslo vil ha fleire medlemmer, og lanserer no vervekampanjen «Verv ein ven».
Alle som vervar minst éin person i perioden 1. april til 1. juni, vert med i trekkinga av fem gåvekort på 1000 kr hjå Akademika. Dessutan får alle vervarane ei «Eg <3 nynorsk»-t-skjorte.
Jamvel om det er nok å verva éin person for å vera med, har ein betre sjansar di fleire ein vervar, sidan kvart nye medlem gjev eitt lodd i trekkinga. Med andre ord, det er berre å verva så mange du klarar! Hugs at dei fleste seier ja.
Reglar:
- Personen du vervar, må vera fødd i 1985 eller seinare, og vera busett i Oslo.
- Medlemspengane for den du vervar må vera betalte innan 1. juni. Det kostar 50 kr å verta medlem.
- Du kan bruka verveblokk, eller fylla ut skjemaet som ligg her: http://www.malungdom.no/mellombels/innmelding.php. Hugs å merka vervinga «SmiO-vervekampanje 2010».
Noko du lurer på? Ta kontakt med oss på studentmaallaget(a)studorg.uio.no.
Lukke til!