Månadsarki: oktober 2011

Haustbrev, kva skjer hausten 2011

Me sende for eit par veker sidan ut eit haustbrev på e-post til dei som er på e-postlista vår. Her kjem brevet slik at alle kan sjå kva me skal finna på framover:

Gode medlem!

No er hausten i gang, og det er og arbeidet i Studentmållaget, so her kjem litt informasjon om kva me skal driva med i haust, og om vervekampanjen vår som nett har starta.

Studiemøte:

19. oktober, kl 16.30-18.30, seminarrom U36 på Helga Engs hus, Blindern

Ole Våge til oss for å oppsummera Idéseminaret til Språkrådet, Korleis skal vi vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk?, og for å sjå kva me som studentmållag kan gjera for å retta fokuset mot norsk fagspråk og fagterminologi.

Etter møtet vert det pizza og brus til alle deltakarar.

Vil du lesa meir om Idéseminaret kan du fylgja denne lenka:

http://språkrådet.no/nb-NO/Tema/Terminologi-og-fagspraak/Kalender/Ideseminar/

Grautkveld:

Grautkvelden vert i år 27. oktober, kl 19.00 i Valdresstova på Sogn studentby. Det vert graut og speikemat, lesing av Grauten på grut, loddtrekning og kviss. Inngangspengane for gildet er berre 30,-

Teatertur:

I november tek me turen til Det Norske Teatret for å sjå stykket Bondestudentarø. Du betalar berre 100,- for billetten, Studentmållaget spanderer resten! Dato er enno ikkje fastsett, men me kjem tilbake med både dato og på- og avmeldingsfrist.

Nynorskkurs:

I november skipar me og til nynorskkurs på Blindern Meir informasjon kjem.

Juleavslutting:

Årets siste arrengement vert juleavslutting 10. desember,

Elles:

Høgnorskringen og Måldyrkingslaget byd inn til studiemøte om uttalereglar i norsk fyrstkomande onsdag, 5. oktober, kl 18.00 i seminarrom 8 i P. A. Munchs hus på Blindern. Alle interesserte er ynskja velkomen!

Oslo Mållag arrangerer Målbar 6. oktober: «Oslo i nynorsklitteraturen: Sidrumpa austlandsbygd eller (mål)politisk Sodoma?» ved Jens Kihl på Colletts Café kl 19.00.

Sist, men ikkje minst!

Vervekampanje:

1. oktober startar årets vervekampanje. For å sørga for at me framleis skal vera det største og beste lokallaget i NMU, er det viktig at nettopp du er med og vervar! Som belønning kan du få desse premiane:

Verva

Premie

1

Handlenett med “Eg <3 Nynorsk” på

2

T-skjorte

3

Gåvekort på middag på SiO-kantiner

5

Gåvekort på 1000 kr på Akademika

Vervingar du sender inn mellom 1. oktober og 30. november tel med i kampanjen. Dei nye medlemene må vera under 26 år og må ha betalt medlemspengane innan slutten av kampanjen for at du skal få premie for dei.

For å registrera vervingane, gå til http://malungdom.no/meld-deg-inn/. Du kan òg ta kontakt med oss for å få verveblokkar om du vil.

Det går an å «kombinera» vervepremiane, so om du har verva 3 stykk, kan du anten frå 3 stk handlenett, 1 handlenett og 1 t-skjorte eller gåvekort på middag i SiO-kantiner. Du må difor ta kontakt med oss på studentmaallaget@studorg.uio.no, når du vil ha ut vervepremien din og fortelja oss kor mange du har verva, og kva premie du vil ha.

Skulle du ha spørsmål er det berre til å ta kontakt på studentmaallaget@studorg.uio.no, eller med leiar Tina Fauskanger på tlf: 98483360.

Lukke til!

Informasjon om alt som hender i Studentmållaget i Oslo i haust kan du og etter kvart finna på www.smio.no og gruppa vår på Fjesboka!

Beste helsing

Studentmållaget i Oslo