Tidleg krøkast

SmiO feirer 110-årsjubileum og har delt ut bøker til studentbarnehagane som ein del av feiringa. Les Universitas artikkel om då Jens Kihl vitja Eilert Sundt Studentbarnehage: http://universitas.no/nyhet/55457/tidleg-krokast-/

Grautkveld

Den tradisjonsrike grautkvelden vert på torsdag 28. oktober kl. 19.00. Her skal me ha risgraut, rømmegraut, kviss, høgtlesing, lotteri, kaffi og kaker. Hendinga tek til i Valdresstova på Sogn Studentby (T-bane til Ullevål stadion, eller buss 25 frå Majorstuen mot Årvoll senter eller mot Lørenskog stasjon til stoppet som heiter Yrkesskolen). Om du ikkje finn… Continue reading Grautkveld

Nynorskkurs med Arne Torp

Nynorskkurset til Arne Torp starta denne veka, men det er nok ikkje for seint å verta med! Neste gong er 19. oktober kl. 16.15-18 i aud. 3 i Sophus Bugges hus på Blindern. Du kan lesa meir på http://www.hf.uio.no/iln/personer/vit/arnet/nynorskkurs/.

Matpakkesamling hausten 2010

Kvar torsdag er det matpakkesamling kl. 13.00 i Fredrikke-kantina. SmiO spanderer kaffi, kakao eller te. Her er det berre å koma innom.