SmiO har årsmøte onsdag 2. februar kl. 19.00 i Harriet Holters hus på Blindern, UiO. Etter årsmøtet går me på Kafé Abel for å eta. Lenkje til sakpapir kjem når dei er klare.
Månadsarki: januar 2011
Nynorsk fagdag 18. februar 2011
Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda inviterer for andre gong til ein nynorsk fagdag i Oslo. Fagdagen tek til i Auditorium 4 i Eilert Sundts hus på UiO.
Dette er eit samarbeid med Norsk Ordbok 2014 og med Institutt for lingvistikk og nordistikk ved UiO. Dagen tek sikte på å presentere nyare avslutta arbeid i Volda-miljøet på fagfeltet nynorsk skriftkultur. Føredragshaldarane er tilsette ved Høgskulen i Volda, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Nynorsksenteret, og Nynorsk kultursentrum.
Dei to første føredragshaldarane har dei siste åra teke doktorgraden på nynorsk skriftkulturs historie. På seminaret skal den nye boka til Oddmund L. Hoel lanserast. Ho er ein omarbeidd versjon av doktoravhandlinga hans.
Fredag 18.2.2011 Aud. 4 i Eilert Sundts hus
10 Velkomst v/ Åse Wetås (NO 2014)
10.15 Jens Johan Hyvik: Ivar Aasen og tokulturlæra
10.45 Lansering av den nye boka til Oddmund J. Hoel: Mål og modernisering 1868-1940. Norsk målreising. Band II v/ Sverre Tusvik
11 Oddmund L. Hoel: Det nynorske byproblemet
11.30 Lunsj
12.30 Stephen J. Walton: Nynorsk skriftkultur, utfordrande og utfordra
12.45 Marit Wadsten: Nynorske doktorgradar – frå 0 til 15 på hundre år!
13.15 Hjalmar Eiksund: Nynorsk på leselista. Om lesinga til ungdom på fritida
13.45 Pause
14 Anders Aanes: Forvirring eller frigjering? Om kunnskap og haldningar til variasjon og valfridom i nynorsk
14.30 Bjørg Nesje Nybø: Nynorsk – ei revitalisering av norsk?
15 Kommentar v/ Johan Tønnesson (Sakprosa) og Sverre Tusvik (Samlaget), ordskifte
15.30 Slutt