Vervekampanjen 2013 – NMU til 2090

Vervekampanje frå 19. august til 5. oktober

Alle som melder seg inn får eit handlenett!

SmiO er det største studentmållaget i verda, men me kan alltid bli større. (Særskild om me skal halda ved like avstanden til Studentmållaget i Bergen.) Difor arrangerer SmiO vervekampanje! For ein verving kan du få eit «Vi må handle nett no»-handlenett, for to vervingar kan du få ei Brille-Aasen-t-skjorte, for tre vervingar kan du få eit gåvekort på akademika til ein verdi av 250 kr. I tillegg får alle som melder seg inn i denne perioden eit handlenett i posten når dei har betalt medlemskontingenten.

For å lukkast som vervar i denne kampanjen er det berre to ting du treng å hugsa på: At det (som alltid) er SmiO som tel – dei du verver må bu i Oslo og vera tilknytt ein av utdanningsinstitusjonane her – og NMU til 2090. Det er det den du vervar kan skriva på telefonen sin for å bli medlem. Då blir det trekt 50 kroner direkte frå mobilabonnementet! Alternativt kan han/ho senda NMU100 til 2090 og bli trekt hundre kroner for medlemsskap ut 2014. Eller han/ho kan fylla ut skjemaet på målungdom.no. Hugs i alle fall å få med namn, e-post, fødeår, «verva av [NAMN]» og «SmiO»!

Elles er det nokre reglar du må følga, til dømes at dei du verver må ha betalt medlemspengar innan laurdag 5. oktober kl. 23.59 for at du skal få utteljing for det og for å få ta ut vervepremiar. Og så må du be om vervepremiar (smio(a)malungdom.no) innan årsslutt for at me skal senda dei til deg. Men det trur eg du klarer å hugsa!

Denne vervekampanjen går parallelt med Norsk Målungdom sin vervekampanje som gjer at du får DOBBEL UTTELJING FOR VERVINGANE DINE så lenge den står på.

Lukke til og god verving!