Studentmållaget i Oslo inviterer til å feire nasjonaldagen med oss!
Tradisjonen tru startar vi dagen på Vår Frelsers gravlund med kransenedlegging på grava til Ivar Aasen klokka 9.15. Årets tale blir halde av leiaren i Venstre, Trine Skei Grande. Elles blir det diktlesing og allsong. (Klikk her for lenke til facebookhendinga)
Til kveldinga vil det bli hyggeleg samkome i Korsgata 16, kl 19.00. Hending og program for dette finn de her (lenke).
I år blir det diverre ikkje høve for å gå saman til Det norske teatret for kaffi og kake slik som tidlegare år. Det er fordi berre Kafe Løve er ope i år. Derfor blir det ikkje noko organisert samkome etter at vi har vore på grava.