Treng du å friske opp nynorsken? Skal du ha eksamen i nynorsk denne hausten? Kom på heilt gratis nynorskkurs!
Finn ut meir ved å gå til facebookhendinga! (lenke)
Kva heiter det? Korleis bøyer eg det? På kurset går vi igjennom alt som skal til for at du blir best mogleg i nynorsk. Alle som deltek får med seg grammatikkarket «Nøkkel til nynorsk» heim. Og det viktigaste av alt – det blir pizza!
(Kurset er eit samarbeid mellom Studentmållaget i Oslo og Pedagogstudentene ved UiO).