All posts by karlpeder

17. mai-feiring

Den tradisjonsrike kranselegginga på Ivar Aasen si grav blir som vanleg den 17. mai klokka 9.15.

Program for dagen:
09.15 Grava til Ivar Aasen, Vår Frelsars gravlund. (Lenke til facebookhending).
– Tale ved varaordførar i Oslo, Khamshajiny Gunaratnam.
– Dikt for dagen ved Tore Storehaug.
– Allsong
Etterpå går vi til Det Norske Teatret for kaffi og kaker.

19.00 Grendehuset på Grünerløkka, Korsgata 16. (Lenke til facebookhending).
Vi samlast for sosialt samvere, litt å bite i og 17. mai-hygge. Alle er velkomne.

Kransen er eit spleiselag mellom Studentmållaget i Oslo, Oslo Mållag og Bondeungdomslaget i Oslo.

Mål og Makt vil ha deg!

Mål og Makt er bladet vårt, som alle medlem får gratis i postkassa. Det er eit ålmein kulturblad, så det kan handla om kva som helst. Er du interessert i å vera med på å skape dette bladet? Eller kanskje du vil skriva eller illustrera? Ta kontakt med Marta på valentinsenm@gmail.com eller tlf. 46 96 98 91!

OBS: Frist for å senda inn tekst til neste nr er 5. mai! Alle tekstar som blir sendt inn blir lesne og vurdert.

13083098_833273753445469_3509160382264423189_n

Nynorskkurs våren 2016

Etter påske er det på att med skole. Og kanskje du skal skrive på nynorsk denne våren?

Vi arrangerer gratis nynorskkurs som er ope for alle to gongar dette semesteret! Kurshaldar er Vegard Opdahl – lingvist, frilans korrekturlesar og ekspert på alt du lurer på om å skrive nynorsk.

Kurset går to gongar dette semesteret (lenke til facebook-hending):
– 6. april på Universitetet i Oslo: Helga Engs hus, rom 231 klokka 17.00
– 7. april på HiOA: P52, aditorium 1 klokka 16.30

Det blir mat, og alle som kjem får med seg Nøkkel til nynorsk. Uansett kva nivå du føler du er på er du hjarteleg velkomen til kurs.