Lov for Studentmållaget i Oslo
Vedtekne på årsmøtet 12. februar 1997, brigda på årsmøta i 1998, 2004 og 2013.
Føremål
§ 1 Studentmållaget i Oslo arbeider for at alle skal velja det nynorske skriftmålet, og vil organisera ungdom og studentar i Oslo i dette arbeidet. Studentmållaget stør bruk av målføra og norsk talemål, og vil fremja norsk kultur ålment. Laget ynskjer eit fritt, ubunde og kritisk norsk akademia.
Medlemer
§ 2 Studentar og annan ungdom i Oslo kan vera medlemer. Medlemer og sympatisørar av rasistiske og/eller nazistiske samskipnader kan ikkje verta medlemer.
Styret kan samrøystes nemna ut heiderslagsfolk i laget. Det skal vera stor semje i laget om utnemninga. Heiderslagsmedlemene svarar ikkje medlemspengar.
Årsmøte
§ 3 Årsmøtet er øvste styringsmakt i laget. Det skal ha føre seg alle dei sakene som er nemnde i lova.
Vanleg årsmøte skal haldast i slutten av januar eller første halvdel av februar kvart år. Innkalling, sakliste, årsmelding frå styret, rekneskap, lovendringsframlegg og framlegg til viktige vedtak som har med politikken til laget å gjera skal sendast ut minst 14 dagar føreåt.
Styret eller minst 5 medlemer i laget kan gjera framlegg om å ta opp endringsframlegg og framlegg til vedtak i mindre viktige saker eller i saker der det er stor semje i laget. Slike framlegg må vera gjort kjende for medlemene ved oppslag eller på annan måte minst 4 dagar før årsmøtet.
På årsmøtet kan alle medlemer gjera framlegg til fråsegner.
Det skal kallast inn til omframt årsmøte når styret eller 1/10 av medlemene krev det. Innkallinga er som til eit vanleg årsmøte. Omframt årsmøte kan berre gjera vedtak i dei sakene som er nemnde i innkallinga.
Røysterett
§ 4 Medlemer over 30 år har ikkje røysterett i laget. Livsvarige medlemer, studentar over 30 år og medlemer med verv eller andre ombod i laget har likevel røysterett.
Den som ikkje har vore medlem i laget tidlegare, må ha vore medlem i 4 veker for å få røysterett.
Medlemsmøte
§ 5 Sakliste for medlemsmøte vert fastsett med vanleg fleirtal. Framlegg til vedtak og fråsegner vert likevel ikkje førte på saklista utan at dei er gjort kjende minst ei veke på førehand.
Eit medlemsmøte som er lovleg innkalla, er vedtaksført når meir enn 15 medlemer er til stades.
Styret
§ 6 Årsmøtet vel eit styre med 5-7 medlemer med minst 2 varamedlemer med møterett i styret. Leiaren, nestleiaren, økonomiansvarleg og varamedlemene vert valde særskilt. Elles konstituerer styret seg sjølv, og deler arbeidsoppgåvene mellom seg.
Årsmøtet kan også velja eit samla styre, og gje det fullmakt til å konstituera seg sjølv. Om nokon krev det, skal alle vala vera skriftlege.
§ 7 Styret skal leggja fram ei årsmelding om arbeidet i perioden på årsmøtet. Meldinga skal sendast ut med innkallinga til årsmøtet.
§ 8 Styret pliktar å føra møtebok over års-, lags- og styremøte og andre tilskipingar.
§ 9 Økonomiansvarleg legg fram avslutta og ettersedd rekneskap på årsmøtet. Økonomiansvarleg og leiar disponerer kontoane til laget.
§ 10 Med godkjenning frå årsmøtet vel styret ein fast økonom til å stella med fondsmidlane laget rår over, i samsvar med dei føresegnene og vedtaka som gjeld. På årsmøtet legg økonomen fram oversyn over fonda.
§ 11 Styret har ansvaret for arkivet til laget.
Ettersynsmann
§ 12 Laget vel ettersynsmann på årsmøtet.
Fonda
§ 13 Annakvart år vel laget ein medlem til styret for Five-fondet, og kvart år to varamedlemer. Fondsstyret legg fram særskild årsmelding på årsmøtet. Årsmøtet vel òg styremedlemer til styret i Driftsfondet slik det er slått fast i lovene til Driftsfondet.
Skuleboknemnda
§ 14 Skuleboknemnda åt Studentmållaget i Oslo har til oppgåve å få gjeve ut lærebøker på nynorsk for den høgare skulen, for universiteta og i særskilde høve for andre skular.
Nemnda har 5 medlemer og 2 varamedlemer. På kvart årsmøte vert 2 medlemer valde for 2 år og 1 for 1 år. Varamedlemene vert valde for 1 år. Skuleboknemnda konstituerer seg sjølv. Nemnda fører rekneskap som vert ettersedd av statsautorisert ettersynsmann og framlagd saman med årsmelding på årsmøtet.
Mål og Makt
§ 15 Studentmållaget gjev ut tidsskriftet Mål og Makt som bør koma med minst 4 hefte i året. I Mål og Makt skal det stå artiklar som har samanheng med arbeidet i målrørsla og språkstriden ålment.
Skriftstyret for Mål og Makt har minst 4 medlemer som blir valde på for eitt år av gongen. Suppleringar til skriftstyret mellom halvårsmøta må godkjennast av styret. Skriftstyret konstituerer seg sjølv.
Styret skal føra rekneskap som vert ettersedd av ettersynsmannen i laget, og framlagd saman med årsmelding på årsmøtet.
Fram
§ 16 Årsmøtet kan velja skriftstyret med minst 5 medlemer som skal stå føre lagsavisa Fram i samarbeid med styret. Skriftstyret konstituerer seg sjølv. Skriftstyret har rett til å ha ein observatør på alle styremøta.
Nemnder
§ 17 Med godkjenning frå årsmøtet kan styret setja ned særskilde nemnder til å arbeida med aktuelle saker. Dei gjev melding om arbeidet sitt på årsmøtet. Styret har rett til å ha ein observatør på møta i nemndene.
§ 18 Årsmøtet vel ei valnemnd med leiar, 2 medlemer og 2 varamedlemer. Valnemnda skal til neste årsmøte koma med framlegg til alle omboda som er nemnde i denne lova. Styret kan dessutan be valnemnda koma med framlegg til andre tillitsfolk som skal veljast på årsmøtet.
Lovendringar
§ 19 Framlegg til endringar i denne lova skal styret gjera kjent for medlemene i skriv seinast to veker før årsmøtet. Slike framlegg må vera styret i hende minst tre veker før årsmøtet. Skal eit framlegg verta lov, må minst 2/3 av dei frammøtte medlemene røysta for det.
Oppløysing
§ 20 Dersom Studentmållaget skulle verta oppløyst eller verta liggjande nede utan noko slag aktivitet i eitt år, skal Norsk Målungdom mellombels ta over og styra midelen og fonda til laget. Skulle Studentmållaget ikkje koma i gang att innan 10 år, skal Norsk Målungdom ta hand om desse midlane for godt.