SmiO skal ha medlemsfest torsdag 29. september. Info om stad kjem på Facebook (fylgj oss på http://www.facebook.com/pages/Studentm%C3%A5llaget-i-Oslo/112372062202312) Me har matpakkesamlingar tysdagar kl. 11 i Fredrikke-kantina på Blindern. Andre tilskipingar som skjer denne hausten kan du finna under “tilskipingar“.
Sumarslutting med studentmållaget!
Studentmållaget avsluttar semesteret med grilling i parken på St. Hanshaugen sundag 5. juni. Oppmøte ved St. Hanshaugen busstopp kl. 16.00, men det er berre til å hiva seg på seinare. Studentmållaget stillar med eingongsgrillar, grillpølser(med dei basistinga som høyrer til) og maiskolber. Ynskjer du å eta noko anna, er det berre til å ta med,… Continue reading Sumarslutting med studentmållaget!
Nynorskkurs!
Lyst til å friska opp nynorskkunnskapane før eksamen? Kom på gratis nynorskkurs med Ingar Arnøy. Kurset er på tysdag 3. mai kl. 17.00-21.00, i seminarrom 1, PA Munchs hus, på Blindern. Det vert gratis pizza til alle på kurset. Håpar å sjå deg der!
17. mai med SmiO!
På 17. mai vert det kransenedlegging ved grava til Ivar Aasen på Vår Frelsers Gravlund, kl 9.15. Magnhild Folkvord skal halda tale, og Kristina Leganger Iversen les dikt. Etter kransnedlegginga vil styret i SmiO dra vidare til kaffistova, og då er det berre til å vera med! Du kan og få med deg BUL dansa… Continue reading 17. mai med SmiO!
Bokbad med Kjartan Fløgstad!
Onsdag 16. mars vert det bokbad med Kjartan Fløgstad på Kjellern i Helga Engs hus på Blindern kl 19.00. Det kostar ingen ting, og det er open bar der ein kan kjøpa seg noko å drikke.
Årsmøte i SmiO
SmiO har årsmøte onsdag 2. februar kl. 19.00 i Harriet Holters hus på Blindern, UiO. Etter årsmøtet går me på Kafé Abel for å eta. Lenkje til sakpapir kjem når dei er klare.
Nynorsk fagdag 18. februar 2011
Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda inviterer for andre gong til ein nynorsk fagdag i Oslo. Fagdagen tek til i Auditorium 4 i Eilert Sundts hus på UiO. Dette er eit samarbeid med Norsk Ordbok 2014 og med Institutt for lingvistikk og nordistikk ved UiO. Dagen tek sikte på å presentere nyare avslutta arbeid i… Continue reading Nynorsk fagdag 18. februar 2011
22 skrivefeil i eksamensoppgåve
I eksamensoppgåva i kvalitativ metode på masternivå i sosiologi fann leiar for SmiO, Jens Kihl, heile 22 skrivefeil – nesten like mange som det var liner på sjølve oppgåva. Les saka i Universitas, eller på nett på http://universitas.no/nyhet/55598/-barneskolenynorsk-ved-uio/
Eksamensrettar
Studentparlamentet har i samarbeid med SmiO laga nynorske plakatar med oversikt over dei viktigaste eksamensrettane. Ikkje berre kan du skriva eksamen på nynorsk, no kan du òg lesa om rettane dine – på nynorsk!
Tidleg krøkast
SmiO feirer 110-årsjubileum og har delt ut bøker til studentbarnehagane som ein del av feiringa. Les Universitas artikkel om då Jens Kihl vitja Eilert Sundt Studentbarnehage: http://universitas.no/nyhet/55457/tidleg-krokast-/
