Nynorskkurset til Arne Torp starta denne veka, men det er nok ikkje for seint å verta med! Neste gong er 19. oktober kl. 16.15-18 i aud. 3 i Sophus Bugges hus på Blindern. Du kan lesa meir på http://www.hf.uio.no/iln/personer/vit/arnet/nynorskkurs/.
Matpakkesamling hausten 2010
Kvar torsdag er det matpakkesamling kl. 13.00 i Fredrikke-kantina. SmiO spanderer kaffi, kakao eller te. Her er det berre å koma innom.
Kransnedlegging 17. Mai
Som tradisjon er skipar Studentmållaget til seremoni ved grava til Ivar Aasen på Vår Frelsers Gravlund her i Oslo. Det blir festtale ved Reza Rezaee, diktlesing ved Svein Erik Brodal og allsong. Kom og ver med!
Nynorskkurs
Studentmållaget i Oslo skipar til nynorskkurs førstkomande torsdag! På tide med ei oppfrisking før eksamen? Studenmållaget i Oslo inviterer deg til nynorskkurs! Ingar Arnøy frå Noregs Mållag lærer deg nynorsk på 1-2-3! Gratis pizza til alle som kjem på kurset. Dersom du ikkje finn fram, kan du ringja Tina Fauskanger på tlf. 98483360. Håpar å… Continue reading Nynorskkurs
Vervekampanje våren 2010 – Verv èin ven
Verv éin ven – vinn gåvekort på 1000 kr! Studentmållaget i Oslo vil ha fleire medlemmer, og lanserer no vervekampanjen “Verv ein ven”. Alle som vervar minst éin person i perioden 1. april til 1. juni, vert med i trekkinga av fem gåvekort på 1000 kr hjå Akademika. Dessutan får alle vervarane ei “Eg <3… Continue reading Vervekampanje våren 2010 – Verv èin ven
Matpakkesamling
Det blir matpakkesamling kvar torsdag kl.13.00 hjå det gamle røykerommet på Fredrikke. SmiO stiller med gratis kaffi, vonar at flest mogleg tek turen!
