17. mai: Kransenedlegging på Ivar Aasens bauta!

I tradisjonen tru er det også i år mogleg å feire Noreg sin nasjonaldag med
kransenedlegging på Ivar Aasens bauta på Vår frelsers gravlund! SmiO stiller med flott krans, talar og vonleg fint vêr!

Program:
09.15
Dagen startar med kransenedlegging på Ivar Aasens bauta. Arnhild Skre skal halde tale.

ca 10.00
Kaffi og noko å bite i om ønskjeleg, på Kafé Løve på Det Norske Teatret.

15.00
Kjære Landsmenn på Det Norske.
For dei som vil så skal ein gjeng på dette, og det er berre å hive seg på. De må tinge bilettar sjølv (ta kontakt med Bror om spørsmål).

18.00
Koldtbord hos Helene i Tegleverksgata 1.

Vonar å sjå mange der! :)

1. mai-frukost

Som vanleg arrangerar SmiO ein storslått frukost på 1. mai. Så stå opp tideleg og møt opp! SmiO stiller med mykje god mat og godt humør!

Etter frukosten går vi vidare for å gå i tog.

Kvar: Stockflethsgate 53 B
Kva tid: 09:00 og utetter