Hausten 2014

Hei alle medlemar av Studentmållaget i Oslo!

Sumaren er på hell, og hausten byrjar å gjere sitt inntog. Det vil også seie at SmiO er klar for å gje deg nok eit fint språksemester!

IPA-kveld

6. september er de alle inviterte til IPA-kveld med studentmållaget i Oslo. Det vert ein kveld med øl, fonetikk og platesnurring. Professor Arne Torp vil presentere oss for Det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA), studentbryggarar vil fortelje oss alt vi ikkje visste om Indian Pale Ale, og DJen vil halde det gåande når desse har takka for seg. Det heile finn stad på studentpuben Uglebo på Blindern klokka 20.00.

Halvårsmøtet

Torsdag 11. september kl. 18.00 skipar Studentmållaget i Oslo til halvårsmøte. Vi vil gå gjennom halvårsmelding og arbeidsplan for hausten, sjå på den økonomiske situasjonen og få vitringar frå dei ulike nemndene våre. I tillegg til dette skal vi supplere styret.

Møtet finn stad i Lilletorget 1 på Grønland, også kjent som Skrivarstova, og vi serverer pølser og snop. Tradisjonen tru går vi vidare til ei lokal skjenkjestove når møtet er over.

Sakliste ligg her og halvårmeldinga vår ligg her

Spørsmål eller framlegg kan du sende til jorunnthingnes@hotmail.com.

Vervekampanjen 2014

NMU sin vervekampanjen tek i år til 25. august og varer til september. Det er gilde premiar til enkeltvervarar, og vandrepremie til det studentmållaget som vervar flest. I tillegg til NMU sine premiar, lovar SmiO gåvekort på Akademika til dei av våre som vervar 5 eller fleire nye medlemer.

Matpakkesamling
Ein fast dag i veka møtast vi i SmiO til ein koseleg lunsj i Frederikkekantina (del delen nærmast idrettshallen). SmiO spanderar noko varmt i koppen. Lunsjtid fram til halvtårsmøtet vil vere tysdagar kl. 12.

All informasjon om hausten vil liggje her