Alle innlegg av karlpeder

Nynorskkurs ved UiO 2. november klokka 17.15!

Treng du å friske opp nynorsken? Skal du ha eksamen i nynorsk denne hausten? Kom på heilt gratis nynorskkurs!

Finn ut meir ved å gå til facebookhendinga! (lenke)

Kva heiter det? Korleis bøyer eg det? På kurset går vi igjennom alt som skal til for at du blir best mogleg i nynorsk. Alle som deltek får med seg grammatikkarket «Nøkkel til nynorsk» heim. Og det viktigaste av alt – det blir pizza!

(Kurset er eit samarbeid mellom Studentmållaget i Oslo og Pedagogstudentene ved UiO).

Nynorskkurs ved HiOA

Treng du å friske opp nynorsken? Skal du ha eksamen i nynorsk denne hausten? Kom på heilt gratis nynorskkurs!

Finn ut meir ved å gå til facebookhendinga! (lenke)

Kva heiter det? Korleis bøyer eg det? På kurset går vi igjennom alt som skal til for at du blir best mogleg i nynorsk. Alle som deltek får med seg grammatikkarket «Nøkkel til nynorsk» heim. Og det viktigaste av alt – det blir pizza!

(Kurset er eit samarbeid mellom Studentmållaget i Oslo og Pedagogstudentene ved HiOA).

Halvtårsmøte 7. september

Alle medlemer i Studentmållaget i Oslo blir med dette kalla inn til halvtårsmøte. På møtet kan du mellom anna vera med på å bestemme kva vi skal gjera den kommande hausten, kven som skal ha verv, og ikkje minst møte andre medlemer.

Når: 7. september klokka 17.30.
Kor: Skrivarstova, Lilletorget 1.

Det blir servert mat på møtet. Sakspapira kjem til å bli lagt ut på smio.no/arsmote etter kvart som dei blir klare. Følg med på Facebook for å få oppdatert informasjon (lenke).

17. mai med SmiO

Studentmållaget i Oslo inviterer til å feire nasjonaldagen med oss!

Tradisjonen tru startar vi dagen på Vår Frelsers gravlund med kransenedlegging på grava til Ivar Aasen klokka 9.15. Årets tale blir halde av leiaren i Venstre, Trine Skei Grande. Elles blir det diktlesing og allsong. (Klikk her for lenke til facebookhendinga)

Til kveldinga vil det bli hyggeleg samkome i Korsgata 16, kl 19.00. Hending og program for dette finn de her (lenke).

I år blir det diverre ikkje høve for å gå saman til Det norske teatret for kaffi og kake slik som tidlegare år. Det er fordi berre Kafe Løve er ope i år. Derfor blir det ikkje noko organisert samkome etter at vi har vore på grava.

Nynorskkurs våren 2017

Lyst til å friske opp nynorskkunnskapane før eksamen? Kom på gratis nynorskkurs med Vegard Storstul Opdahl, som er styremedlem i Studentmållaget og frilans korrekturlesar. Alle som deltek på kurset vil få Nøkkel til nynorsk (eit framifrå grammatikkark).

I vår har vi to kurs: (Klikk på datoen for å komma til facebookhendinga)
Onsdag 5. april, ved Universitetet i Oslo (Georg Sverdrups hus, grupperom 7, klokka 16.30)
Torsdag 6. april, ved Høgskolen i Oslo og Akershus (klokka 16.30, stad kjem)

Det blir servert pizza til alle som deltek på kursa.

Takk for ei god studentsamling!

Då var programmet over, og støvet senker seg over Blindern etter ei forrykande bra studentsamling! Takk til alle som kom og takk til alle flinke innleiiarar som har lært oss mykje og leia oss inn i diskusjonar!

Hugs å levere reiserekning viss du vil ha tilbake pengar for reisa di.
– Du kan enten skanne skjemaet og kvitteringane og sende dei på epost til smio@malungdom.no
– Eller du puttar skjemaet i ein kovolutt, legg ved kvitteringane, og sender det til: Studentmållaget i Oslo, boks 285 Sentrum, 0103 Oslo.

Hugs at vi må ha motatt skjemaet ditt innan 26. mars!

Program søndag

Her kjem programmet for i dag:

Stad: P. A. Munchs hus, seminarrom 10.
10.15 Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag: Make nynorsk great again.
11.15 Pause
11.30 Curt Rice, rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus: Om norsk og engelsk i akademia.

Etterpå: Mat, avslutning og vel heim.

Programslutt seinast klokka 13.00