Kategoriarkiv: Uncategorized

Årsmøte i Studentmållaget i Oslo 31. januar 2013

31. januar kl. 1800 på Skrivarstova, Lilletorget 1, blir det årsmøte i Studentmållaget i Oslo. For å koma inn, må nokon med nøkkelkort koma å låsa opp. Ring 92439717.

Etterpå går me vidare til Oslo Målbar på Asylet.

Her er nokre av sakspapira:

 

Framlegg til køyreplan for årsmøtet

Framlegg til arbeidsprogram for SmiO 2013

Framlegg til årsmelding 2012

 

Framlegg til medlemspengesats 2014

Lovendringsframlegg til SmiO til førehaving på årsmøtet

Gjeldande lover for SmiO

Økonomipapira blir lagde ut så snart dei er reinskrivne.

Sakspapira frå nemndene og dei andre styra blir lagde fram under møtet.

Haustbrev, kva skjer hausten 2011

Me sende for eit par veker sidan ut eit haustbrev på e-post til dei som er på e-postlista vår. Her kjem brevet slik at alle kan sjå kva me skal finna på framover:

Gode medlem!

No er hausten i gang, og det er og arbeidet i Studentmållaget, so her kjem litt informasjon om kva me skal driva med i haust, og om vervekampanjen vår som nett har starta.

Studiemøte:

19. oktober, kl 16.30-18.30, seminarrom U36 på Helga Engs hus, Blindern

Ole Våge til oss for å oppsummera Idéseminaret til Språkrådet, Korleis skal vi vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk?, og for å sjå kva me som studentmållag kan gjera for å retta fokuset mot norsk fagspråk og fagterminologi.

Etter møtet vert det pizza og brus til alle deltakarar.

Vil du lesa meir om Idéseminaret kan du fylgja denne lenka:

http://språkrådet.no/nb-NO/Tema/Terminologi-og-fagspraak/Kalender/Ideseminar/

Grautkveld:

Grautkvelden vert i år 27. oktober, kl 19.00 i Valdresstova på Sogn studentby. Det vert graut og speikemat, lesing av Grauten på grut, loddtrekning og kviss. Inngangspengane for gildet er berre 30,-

Teatertur:

I november tek me turen til Det Norske Teatret for å sjå stykket Bondestudentarø. Du betalar berre 100,- for billetten, Studentmållaget spanderer resten! Dato er enno ikkje fastsett, men me kjem tilbake med både dato og på- og avmeldingsfrist.

Nynorskkurs:

I november skipar me og til nynorskkurs på Blindern Meir informasjon kjem.

Juleavslutting:

Årets siste arrengement vert juleavslutting 10. desember,

Elles:

Høgnorskringen og Måldyrkingslaget byd inn til studiemøte om uttalereglar i norsk fyrstkomande onsdag, 5. oktober, kl 18.00 i seminarrom 8 i P. A. Munchs hus på Blindern. Alle interesserte er ynskja velkomen!

Oslo Mållag arrangerer Målbar 6. oktober: «Oslo i nynorsklitteraturen: Sidrumpa austlandsbygd eller (mål)politisk Sodoma?» ved Jens Kihl på Colletts Café kl 19.00.

Sist, men ikkje minst!

Vervekampanje:

1. oktober startar årets vervekampanje. For å sørga for at me framleis skal vera det største og beste lokallaget i NMU, er det viktig at nettopp du er med og vervar! Som belønning kan du få desse premiane:

Verva

Premie

1

Handlenett med “Eg <3 Nynorsk” på

2

T-skjorte

3

Gåvekort på middag på SiO-kantiner

5

Gåvekort på 1000 kr på Akademika

Vervingar du sender inn mellom 1. oktober og 30. november tel med i kampanjen. Dei nye medlemene må vera under 26 år og må ha betalt medlemspengane innan slutten av kampanjen for at du skal få premie for dei.

For å registrera vervingane, gå til http://malungdom.no/meld-deg-inn/. Du kan òg ta kontakt med oss for å få verveblokkar om du vil.

Det går an å «kombinera» vervepremiane, so om du har verva 3 stykk, kan du anten frå 3 stk handlenett, 1 handlenett og 1 t-skjorte eller gåvekort på middag i SiO-kantiner. Du må difor ta kontakt med oss på studentmaallaget@studorg.uio.no, når du vil ha ut vervepremien din og fortelja oss kor mange du har verva, og kva premie du vil ha.

Skulle du ha spørsmål er det berre til å ta kontakt på studentmaallaget@studorg.uio.no, eller med leiar Tina Fauskanger på tlf: 98483360.

Lukke til!

Informasjon om alt som hender i Studentmållaget i Oslo i haust kan du og etter kvart finna på www.smio.no og gruppa vår på Fjesboka!

Beste helsing

Studentmållaget i Oslo

Vervekampanje våren 2010 – Verv èin ven

Verv éin ven – vinn gåvekort på 1000 kr!

Studentmållaget i Oslo vil ha fleire medlemmer, og lanserer no vervekampanjen «Verv ein ven».

Alle som vervar minst éin person i perioden 1. april til 1. juni, vert med i trekkinga av fem gåvekort på 1000 kr hjå Akademika. Dessutan får alle vervarane ei «Eg <3 nynorsk»-t-skjorte.

Jamvel om det er nok å verva éin person for å vera med, har ein betre sjansar di fleire ein vervar, sidan kvart nye medlem gjev eitt lodd i trekkinga. Med andre ord, det er berre å verva så mange du klarar! Hugs at dei fleste seier ja.

Reglar:

  • Personen du vervar, må vera fødd i 1985 eller seinare, og vera busett i Oslo.
  • Medlemspengane for den du vervar må vera betalte innan 1. juni. Det kostar 50 kr å verta medlem.
  • Du kan bruka verveblokk, eller fylla ut skjemaet som ligg her: http://www.malungdom.no/mellombels/innmelding.php. Hugs å merka vervinga «SmiO-vervekampanje 2010».

Noko du lurer på? Ta kontakt med oss på studentmaallaget(a)studorg.uio.no.

Lukke til!