Author Archives: tina

Medlemsfest!

SmiO skal ha medlemsfest torsdag 29. september. Info om stad kjem på Facebook (fylgj oss på http://www.facebook.com/pages/Studentm%C3%A5llaget-i-Oslo/112372062202312) Me har matpakkesamlingar tysdagar kl. 11 i Fredrikke-kantina på Blindern. Andre tilskipingar som skjer denne hausten kan du finna under “tilskipingar“.

Årsmøte i SmiO

SmiO har årsmøte onsdag 2. februar kl. 19.00 i Harriet Holters hus på Blindern, UiO. Etter årsmøtet går me på Kafé Abel for å eta. Lenkje til sakpapir kjem når dei er klare.

Nynorsk fagdag 18. februar 2011

Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda inviterer for andre gong til ein nynorsk fagdag i Oslo. Fagdagen tek til i Auditorium 4 i Eilert Sundts hus på UiO. Dette er eit samarbeid med Norsk Ordbok 2014 og med Institutt for lingvistikk og nordistikk ved UiO. Dagen tek sikte på å presentere nyare avslutta arbeid i [...]

22 skrivefeil i eksamensoppgåve

I eksamensoppgåva i kvalitativ metode på masternivå i sosiologi fann leiar for SmiO, Jens Kihl, heile 22 skrivefeil – nesten like mange som det var liner på sjølve oppgåva. Les saka i Universitas, eller på nett på http://universitas.no/nyhet/55598/-barneskolenynorsk-ved-uio/

Eksamensrettar

Studentparlamentet har i samarbeid med SmiO laga nynorske plakatar med oversikt over dei viktigaste eksamensrettane. Ikkje berre kan du skriva eksamen på nynorsk, no kan du òg lesa om rettane dine – på nynorsk!

Tidleg krøkast

SmiO feirer 110-årsjubileum og har delt ut bøker til studentbarnehagane som ein del av feiringa. Les Universitas artikkel om då Jens Kihl vitja Eilert Sundt Studentbarnehage: http://universitas.no/nyhet/55457/tidleg-krokast-/

Grautkveld

Den tradisjonsrike grautkvelden vert på torsdag 28. oktober kl. 19.00. Her skal me ha risgraut, rømmegraut, kviss, høgtlesing, lotteri, kaffi og kaker. Hendinga tek til i Valdresstova på Sogn Studentby (T-bane til Ullevål stadion, eller buss 25 frå Majorstuen mot Årvoll senter eller mot Lørenskog stasjon til stoppet som heiter Yrkesskolen). Om du ikkje finn [...]

Nynorskkurs med Arne Torp

Nynorskkurset til Arne Torp starta denne veka, men det er nok ikkje for seint å verta med! Neste gong er 19. oktober kl. 16.15-18 i aud. 3 i Sophus Bugges hus på Blindern. Du kan lesa meir på http://www.hf.uio.no/iln/personer/vit/arnet/nynorskkurs/.

Matpakkesamling hausten 2010

Kvar torsdag er det matpakkesamling kl. 13.00 i Fredrikke-kantina. SmiO spanderer kaffi, kakao eller te. Her er det berre å koma innom.